More

    Velykka prøvetur for «NG Endurance»

    Prøveturen til NG Endurance vart gjennomført i løpet av helga. No skal ekspedisjonscruiseskipet snart returnere til Ulstein Verft for den avsluttande byggefasen før skipet legg ut på første tur til Arktis.

    Ein prøvetur inneber omfattande testing av systema om bord. Mellom anna vert framdrift og navigasjon testa ut, og ulike naudmanøvrar som Safe Return To Port.

    Les også: Nå er National Geographic sjøsatt

    På prøveturen deltek mellom andre personar frå dei ulike fagdisiplinane i Ulstein, til dømes design, engineering og prosjektleiing, som samarbeider tett med teamet i reiarlaget Lindblad Expeditions. Også kapteinane frå Lindblad er om bord. I dei siste timane før skipet returnerer til verftet vert det reiarlaget som får høve til å operere skipet og lære det betre å kjenne.

    To av kapteinane til Lindblad Expeditions testar ut skipet.
    To av kapteinane til Lindblad Expeditions testar ut skipet.
    DNV (Det Norske Veritas) er om bord for å kontrollere og godkjenne prøvetursresultata.
    DNV (Det Norske Veritas) er om bord for å kontrollere og godkjenne prøvetursresultata.

    National Geographic Endurance’ er det første polare nybygget til Lindblad Expeditions. Skipet er designa av Ulstein Design & Solutions AS.

    Følg skipsbyggingsprosjektet her.

    Her er Island Offshore sin nye kraftplugg

    Under en høytidelig seremoni ved Vard Langsten, ble Island Victory av Gudmor Ingunn Ulstein Botnen. -Vi har opplevd...

    Prosafe kvitter seg med rigg

    Prosafe oppdaterer markedet mandag morgen, og kan melde om en flåteutnyttelse i fjerde kvartal på knappe 23 prosent, mot 63 prosent...

    "West Mira" mistet livbåt i uvær

    Boreriggen "West Mira" ble lørdag truffet av en bølge som medførte at en av riggens livbåter løsnet og falt i sjøen,...