More

    Havila Kystruten satsar på norsk design

    Havila Kystruten handlar norsk når dei fire nye skipa skal utstyrast med møblar. Slik sikrar Havila kortreist kvalitet for dei reisande.

    – Vi vil vise fram det beste Norge har å by på også når det gjeld møblement og interiør, seier administrerande direktør Arild Myrvoll.

    Det betyr at dei som reiser med Havila Kystruten kan kvile, ete og nyte utsikta i stolar og sofaer frå Brunstad, Fora Form og Ekornes på Sunnmøre – og sove skal passasjerar og mannskap gjere på madrassar frå Recticel på Åndalsnes. Fellesområda med loungar, atrium og konferanserom, kafe, buffetrestaurant og a la carte-restaurant er alle utstyrte med sitestolar og kvilestolar frå desse norske møbelprodusentane.

    Myrvoll seier valet av møblar handlar om meir enn at det skal sjå fint ut.

    – Vi veit at dette er kvalitetsmøblar som gir dei reisande god komfort. I tillegg har vi vore opptekne av at med møblar frå lokale leverandørar med kort veg til kystruten sine stoppestader, så er det praktisk, enkelt og berekraftig også når ein skal drive med sørvis og etterleveringar.

    Kortreist og berekraftig

    Alle møblane i ordren hos Fora Form skal produserast i Ørsta, og der var det jubel og kake i kantina då ordren vart gjort kjent. Regionsjef Stine Kahrs seier ordren er viktig for dei som bedrift, og ho håper det gode samspelet som har vore mellom dei ulike partane både i eige selskap og med Kystruten og deira samarbeidspartnarar skal forplante seg vidare til glede for passasjerar og mannskap på Kystruten.

    Også hos Brunstad i Sykkylven er dei også glade for å få vise fram sine møblar om bord i dei nye kystruteskipa, og sals- og marknadssjef Atle Ødegård ser på leveransen til Havila Kystruten som eit bevis på at heimemarknad smeltar saman med kontraktsmarknad og marknad for cruise og hotell.

    Når dei nye skipa til Havila Kystruten startar opp med sine seglasar mellom Bergen og Kirkenes, blir det med norske møblar i alle fellesareal, kafe og restaurantar.

    Norsk verdiskaping

    Administrerande direktør i Havila Kystruten, Arild Myrvoll, seier dei i utgangspunktet ønskte å bygge dei nye kystruteskipa i Norge, men mellom anna på grunn av laber interesse for oppdraget frå norske verft, vart til slutt alle dei fire skipa bestilt hos Tersan i Tyrkia. .  

    – Vi er likevel opptekne av at bygginga av skipa også skal gi norsk verdiskaping, og har funne ei god alternativ løysing der norsk design, norsk utstyr og andre norske leveransar utgjer over ein tredel av byggesummen.

    Ein annan norsk leverandør som er ein del av byggeprosjektet Havila Kystruten er Norwegian Marine Interior (NMI) i Molde. I samarbeid med arkitektkontoret Steen Friis Design har dei planlagt og designa, og leverer installasjon, møblar og interiør til dei fire nye kystruteskipa.

    Dei som reiser med Havila Kystruten kan kvile, ete og nyte utsikta i stolar og sofaer frå Brunstad, Fora Form og Ekornes på Sunnmøre – og sove skal passasjerar og mannskap gjere på madrassar frå Recticel på Åndalsnes.

    Speglar norsk natur

    Dagleg leiar i NMI, Stein Haugen og prosjektleiar Sigurd Viseth seier det har vore både givande og spennande å vere med på å arbeide fram så store og heilt nye passasjerskip med ei tydeleg bestilling om å gi dei reisande ein trygg og komfortabel seglas samtidig som det skal spegle både den norske naturen og ta i bruk norske leverandørar.

    Her er Island Offshore sin nye kraftplugg

    Under en høytidelig seremoni ved Vard Langsten, ble Island Victory av Gudmor Ingunn Ulstein Botnen. -Vi har opplevd...

    Prosafe kvitter seg med rigg

    Prosafe oppdaterer markedet mandag morgen, og kan melde om en flåteutnyttelse i fjerde kvartal på knappe 23 prosent, mot 63 prosent...

    "West Mira" mistet livbåt i uvær

    Boreriggen "West Mira" ble lørdag truffet av en bølge som medførte at en av riggens livbåter løsnet og falt i sjøen,...